Statsministeren opna kraftverk i Jølster
Publisert 23. november 2022
Statsminister Jonas Gahr Støre stod for den offisielle opninga av Jølstra kraftverk i Sunnfjord kommune på tysdag. Vasskraftverket er eit av dei største som er bygd i Noreg dei seinare åra.
Kraftverket er eigd av SFE og Eviny med 50 prosent kvar, og forsyner 15 750 husstandar med straum. Med sine 252 GWh er Jølstra kraftverk eit av dei største kraftverka som er bygd i Noreg dei seinaste åra. I juni stod SFE og Eviny for opninga av eit anna stort kraftverk i regionen, Østerbø kraftverk, på sørsida av Sognefjorden.
– Vi er stolte på vegner av SFE og Eviny. Fordi vi får til dette i lag. Og er det noko vi verkeleg treng i møte med klimautfordringane vi står overfor, så er det samarbeid. Vi må løfte i flokk, og vi treng alle gode krefter med på laget, seier Kristin Aadland, konstituert konsernsjef i Eviny.
Jølstra kraftverk fekk konsesjon i 2018, og etter ein byggeperiode på i underkant av to år kom kraftverket i prøvedrift allereie hausten 2021.
Skånsam utbygging
Jølstra er ei populær fiskeelv, og fleire peika under opninga på den skånsame måten kraftverket er bygd på. Kraftverket nyttar eit fall på 131 meter, der vatnet blir ført gjennom totalt sju kilometer med tunellar i fjellet. Her er det gjort store tiltak mellom anna med ein avansert "buypass-installasjon", som gjer at påvirkninga på vasstanden i elva er minimal, sjølv om ein skulle få ein brå stopp i produksjonsanlegget.
– Vi er stolte over våre dyktige organisasjonar som har klart å utvikle eit såpass stort kraftverk på ein skånsam måte. Verda treng meir fornybar energi, og når vi nyttar naturen til kraftproduksjon, er vi opptekne av å gjere det på ein berekraftig måte, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi.
Også Jonas Gahr Støre lot seg imponere over utbygginga.
– Eg vil hylle det de gjer for å ivareta naturen med dette anlegget, uttalte statsministeren i si tale på opninga.
– Dersom ikkje Vestlandet lukkast, så lukkast ikkje Noreg. Og mykje av dette handlar om fornybar energi, heldt han fram.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Over 1 milliard i utbytte frå Eviny
Publisert 27. mars 2025
Elektrifisering
Aneo Build og Eviny Mobil Energi slår seg sammen
Publisert 26. mars 2025
Nyheter
Vårens draktslipp 2025!
Publisert 13. mars 2025
Nyheter
Dugnad for Ukraina
Publisert 05. mars 2025
Nyheter
Eviny gjer tiltak for å unngå skadeflaum
Publisert 04. mars 2025
Nyheter
Eviny oppnår betydelige gevinster i nye kraftmarkeder
Publisert 27. februar 2025
Nyheter
Skrinlegger boligprosjekt på Montana
Publisert 13. februar 2025
Nyheter
Anne-Marte Mehammer kåret til Årets Kraftkvinne 2024
Publisert 05. februar 2025
Nyheter
Kapasitet i strømnettet sikrer industriutvikling
Publisert 23. januar 2025