– Eit svært godt resultat for Eviny betyr at vi tener mykje pengar for storsamfunnet
Eviny AS hadde eit svært godt resultat i 4. kvartal 2021. – Vi i Eviny fastset ikkje straumprisen, men det er liten tvil om at prisen er for høg for forbrukarane. Samtidig betyr det at vi tener mykje pengar og at vi betaler om lag 2 milliardar kroner i skatt tilbake til storsamfunnet, i tillegg til utbytte til eigarane, seier konsernsjef Jannicke Hilland.
Konsernresultatet til Eviny for 4. kvartal 2021 etter skatt var 442 millionar kroner, 364 millionar kroner betre enn same kvartal 2020. Hovudforklaringa er høg kraftpris. Kraftprisen i NO5 i 4. kvartal 2021 var 126 euro/MWh mot 12 euro/MWh i 2020.
– I 2020 var straumprisen rekordlåg, i slutten av 2021 rekordhøg. Eg forstår veldig godt at straumkundane reagerer på slike variasjonar i prisen, og at dette er ein svært vanskeleg situasjon for mange forbrukarar. Derfor har det vore nødvendig at styresmaktene har teke grep for å hjelpe dei som har det vanskeleg. Vår jobb i ein slik situasjon er å skape verdiar for eigarane og samtidig investere i det grøne skiftet til det beste for storsamfunnet, seier Hilland.
Forklaringa på dei høge straumprisane i vårt prisområde og i Sør-Norge generelt er ekstremt høge gassprisar og auka CO2-pris, kombinert med lite nedbør i årets tre første kvartal og låg fyllingsgrad i vassmagasina i Sør-Norge.
Kraftforvaltningsmiljøet til Eviny har vore avgjerande for dei gode resultata ved at dei noko reduserte, tilgjengelege vasskraftressursane samanlikna med fjoråret, er best mogleg disponerte og marknadsrisikoen er godt handtert innanfor ramma for sikringsstrategien.
Med rekordhøg straumpris er det forventa at kraftselskapa skal levere rekordresultat. Men ein viktig del av forklaringa på resultatet til Eviny er at konsernet har ein økonomisk sikringsstrategi som betyr at vi har førehandssal av ein del av forventa vasskraftproduksjon på kraftbørsen og til større industriselskap.
Effekten av denne strategien er at når kraftprisane stig, som i 2021, så går verdien av inngåtte kraftkontraktar ned, medan verdien går opp når kraftprisane fell, slik dei gjorde i 2020. Sikringsstrategien til Eviny bidrege til mindre variable årsresultat, og eit stabilt grunnlag for å dele ut utbytte til eigarane, det vil seie Statkraft, 17 kommunar og to lokale kraftlag på Vestlandet.
Det underliggande konsernresultatet i Eviny etter skatt vart 765 millionar kroner i fjerde kvartal, ei forbetring på 666 millionar kroner samanlikna med same kvartal i 2020.
– Eit godt resultat er viktig for eigarane våre. Det betyr at dei får tilført pengar til å ta vare på og vidareutvikle gode tenestetilbod til innbyggjarane. I tillegg betaler vi årleg om lag 2 milliardar kroner i skatt til storsamfunnet, seier konsernsjef Jannicke Hilland.
Ho legg vekt på at eit godt økonomisk resultat også er grunnlaget for å investere i det grøne skiftet. I lading av elbilar, i landstraum til skip, elektrifisering av havbruk og transport, utsleppsfrie byggeplassar, sol, fjernvarme og mange andre konkrete klimaprosjekt.
– Kvar dag legg dei tilsette i konsernet ned mykje innsats i å skape verdiar for eigarane, storsamfunnet og ikkje minst klimaet. Vår jobb er å kombinere klimaansvar med lønsam forretning, seier Hilland.
Last ned delårsrapport 4. kvartal (PDF) (åpnes i nytt vindu)
Kontaktpersonar:
Jannicke Hilland, konsernsjef i Eviny, tlf. 951 79 731
Rune Indrøy, konserndirektør for Kommunikasjon og samfunnskontakt i Eviny, tlf. 905 57 723
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Fusjon mellom Eviny og SFE kan sikre Vestlandets kraft og vekst for fremtiden
Publisert 18. november 2024
Nyheter
Gullkamp til folket
Publisert 18. november 2024
Nyheter
Eviny gir ny kraft til Vestlandet
Publisert 07. november 2024
Fornybar energi
Eviny planlegger sitt første vindkraftverk i Vindafjord kommune
Publisert 06. november 2024
Nyheter
Eviny har gjort tiltak mot flom i flere vassdrag
Publisert 30. oktober 2024
Fornybar energi
Eviny vurderer pumpekraftverk i Samnanger
Publisert 17. oktober 2024
Vannkraft
Tiltak i vassdragene hindret skadeflom på Vestlandet
Publisert 04. november 2024
Elektrifisering
Eviny Solutions sikrer storkontrakt med Linja AS
Publisert 30. oktober 2024
Fornybar energi
Lokale beslutninger er nøkkelen til mer fornybar energi
Publisert 08. oktober 2024