Over 1 milliard i utbytte frå Eviny

Publisert 27. mars 2025

Styret i Eviny innstiller på 1 046 millionar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.

Konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik og styreleiar Karl Erik Kjelstad i Eviny lovar gode og stabile utbytte for eigarane framover.Foto: Helge Skodvin

Innstillinga frå styret skal behandlast på generalforsamlinga 28. mai. Samla sett bidrog Eviny med 4,9 milliardar kroner til samfunnet i 2024, mellom anna skattar, avgifter og avsett utbytte til eigarane.

Eigarane kan forventa gode og stabile utbytte også framover

Det underliggjande resultatet for Eviny i 2024 er 1 494 millionar kroner.

– Eviny leverer eit godt resultat i eit år der kraftprisane er tilbake på eit meir normalt nivå enn vi har sett dei to siste åra, seier konsernsjef Ragnhild Janbu Fresvik.

70 prosent av overskotet går tilbake til eigarane som utbytte.

– Det skal vera attraktivt å vera eigar i Eviny. Med ein føreseieleg utbyttemodell og sunne resultat i botnen, kan vi gi eit solid utbytte i år, og det skal vi gjera framover også, seier Karl Erik Kjelstad, som tok over som ny styreleiar i Eviny i januar i år.

Stor betydning for kommunane

Høyanger som er ein liten kommune med om lag 3900 innbyggjarar, vil få 1,21 millionar kroner i utbytte.

–For Høyanger kommune betyr det mykje å få stabile utbytte frå Eviny kvart år. Dette er eit viktig bidrag for at vi kan levera gode velferdstenester til innbyggjarane våre. Som eigar set vi pris på at Eviny investerer tungt i fornybar energi og auka kapasitet i nettet for å sikra lokale arbeidsplassar, samtidig som dei gir høge utbytte tilbake til fellesskapet, seier Petter Sortland, ordførar i Høyanger.

Bergen kommune, som er nest største eigar i Eviny, får 394,82 millionar kroner i utbytte. På topp fem av eigarkommunar finn vi også Alver kommune: 36,10 millionar kroner, Øygarden kommune: 35,84 millionar kroner, Askøy kommune: 25,96 millionar kroner og Sunnfjord kommune: 23,77 millionar kroner. Tysnes Kraftlag får 17,78 millionar kroner.

– Gjennom utbytte frå vårt eigarskap i Eviny har det vore mogleg å støtta lag og organisasjonar på Tysnes til prosjekt som til dømes teater, konsertar, eldretreff, sommarskule, turløyper og innkjøp av hjartestartarar. I tillegg gjer eigarskapet det mogleg å auka satsinga på næringsutvikling, som er særdeles viktig for kommunen, både til nyskaping og omstilling. Denne måten å gi tilbake til samfunnet på, viser verdien for Tysnes av eigarskap i eit sterkt, offentleg eigd kraftselskap her i vest, seier Einar Wathne, styreleiar i Tysnes Kraftlag.

Eviny ligg i toppen på utbytte blant kraftselskap

Ei undersøking frå Civita (oppdatert med utbytte frå siste to år) viser at norske kraftselskap i gjennomsnitt har gitt 50 prosent av resultatet i utbytte sidan 2010, medan Eviny har gitt 65 prosent.

– Over dei siste ti åra har Eviny vore blant kraftselskapa der størst del av overskotet går tilbake til eigarane og kjem fellesskapet til gode. Samtidig rustar vi Vestlandet for framtida gjennom nødvendige og auka investeringar. Strategien vår «100 på 10» er ambisiøs. Dei neste ti åra skal vi investera i ny kraft, effekt og auka kapasitet i nettet for å sikra lokale arbeidsplassar og verdiskaping på Vestlandet, seier Fresvik.

Eksterne verdivurderingar av Eviny viser at eigarane har hatt god avkastning på kapitalen med ei årleg gjennomsnittleg avkastning på 19,2 prosent frå 2016 til 2023. Til samanlikning har Oslo børs (OBX) hatt 9,9 prosent og Oljefondet 11,2 prosent avkastning i den same perioden.

Større produksjon – lågare prisar

I 2024 produserte Eviny 7,6 TWh vasskraft, ein auke på om lag 0,7 TWh frå 2023. Områdeprisen i Vest-Norge (NO5) var 41 EUR/MWh, samanlikna med 67 EUR/MWh i 2023.

Kraftprisen er no tilbake på eit meir normalt nivå historisk sett. Prisane svingar derimot vesentleg meir dag for dag og gjennom døgnet enn dei gjorde før.

Utbytte fordelt på kvar eigar(pdf, 47,9 kB) (fil lastes ned)

Årsrapport for 2024(pdf, 8,35 MB) (fil lastes ned)

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler