Kristian Vassbotten blir ny leiar for vasskraftverka i Eviny Fornybar

Publisert 18. desember 2024

Kristian Vassbotten er tilsett som divisjonsleiar med ansvar for drifta av Eviny sine 39 vasskraftverk. Han startar i jobben 1. april og vil ha base i Førde i Sunnfjord kommune.

37-åringen frå Naustdal jobbar i dag som divisjonsleiar i nettselskapet Linja, og han er både utdanna energimontør og sivilingeniør innan Energi og miljø. No skiftar han beite frå distribusjon av kraft til produksjon når han blir divisjonsleiar for Kraftverksoperatør i Eviny Fornybar.

– Vasskraft er motoren i Norge

– Vasskraft er motoren i Norge, og det er her store delar av energien vår kjem frå. Eg har jobba mange år med nett. No ser eg fram til å ta fatt på ei ny rolle, bli kjent med nye fagfelt og nye kollegaer i Eviny. Eg er motivert for å bidra med mine erfaringar, samtidig som eg er klar for å læra og utvikla meg saman med divisjonen og selskapet, seier Vassbotten.

Dei 39 vasskraftverka til Eviny produserer samla 7,7 TWh kvart år. Det er like mykje som forbruket til om lag 480 000 bustadar.

Kraftverka er spreidd over eit stort geografisk område, der driftsområda blir leia frå Matre, Dale og Førde. Ansvar for store geografiske område er Vassbotten kjent med frå divisjonen han styrer i dag. Divisjon Prosjekt og Utføring vart til etter samanslåinga av Mørenett og Linja, og har ansvar for prosjektering, prosjektgjennomføring og utføring av vedlikehald. Tidlegare har Vassbotten leia avdeling Kraftsystem i Linja, der han hadde ansvar for analyse og vedlikehaldsprioritering i heile forsyningsområdet.

Læretida som energimontør gjekk han i Sunnfjord Energi, før han fekk jobb i SFE Nett / Linja. Der har han vore sidan, med unntak av utdanningsperioden i Trondheim.

Mange gode søkjarar

Sonja Chirico Indrebø, administrerande direktør i Eviny Fornybar, fortel at det var mange gode søkjarar til stillinga, både interne og eksterne.

– Kristian vart valt på bakgrunn av kompetanse og erfaring innan bransjen vår. Han har opparbeidd seg unik erfaring frå først å jobba i den skarpe enden som montør, til å utdanna seg til sivilingeniør og ta på seg stadig større ansvar og leiarroller. Vi gler oss til å få han på laget der han kan bidra til å vidareutvikla divisjon Kraftverksoperatør saman med alle våre flinke fagfolk og leiarar, seier Indrebø.

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler