Eviny vann heiderspris for dam Fiskevatnet i Samnanger

Publisert 13. januar 2022

Eviny har vunne heidersprisen Damkrona 2021 for rehabiliteringa av dam Fiskevatnet i Samnangervassdraget. Prisen blir delt ut av Den norske damkomiteen for landskapsmessige, miljømessige og teknisk gode løysingar ved anlegg i regulerte vassdrag.

Dam Fiskevatnet sett frå lufta
Foto: Eviny

- Dammen vart oppgradert for å bli endå meir stabil mot større flaumar. Prisen er ei stor anerkjenning av den gode jobben som er gjort i samband med rehabiliteringa av dammen, seier prosjektleiar Erlend Tveiterås i Eviny.

Innovativ og miljøvennleg

Om vinnaren sa damkomiteen følgjande:

  • Dammen har tilsnitt av å vera ei innovativ ingeniørmessig løysing
  • Byggemetoden har gjeve miljømessige fordelar med redusert karbonavtrykk
  • Byggemetoden har langt på veg ivaretatt det originale visuelle uttrykket.

Fiskevatnet er inntaksmagasin for Frøland kraftverk. Dam Fiskevatnet var ferdig i 1912 og er ein betongdam, med naturstein på nedstraums side. Nye utrekningar av flaumar viser ein auke på nærmare 50 prosent i løpet av 15 år, i hovudsak på grunn av auka nedbørsintensitet.

- For å stabilisera dammen valde vi ei løysing med uarmert betong på nedstraums side, med naturstein på den synlege nedsida. Dette var ei løysing som både vidareførte dammen sitt flotte estetiske uttrykk, og som vi kunne gjennomføra utan større restriksjonar på drifta av kraftverket i byggjeperioden, seier Tveiterås.

Entreprenør frå Kvam

Eviny er byggherre for arbeidet som nyleg er avslutta. Gudmund Trætteberg i Eviny foreslo løysinga som vart valt. Fagansvarleg har vore Multiconsult AS. GBS Entreprenør AS frå Øystese har utført eit solid og flott arbeid ved damanlegget.

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler