Eviny reddar fisk i kulden
Publisert 24. februar 2026
Langvarig kulde har skapt problem for laks og sjøaure i mange vassdrag. For å hjelpa fisken gjennom den uvanleg kalde og tørre vinteren, har Eviny i fleire veker sleppt ekstra vatn i ei rekkje elvar.
NRK Dagsrevyen 21 og Vestlandsrevyen hadde i går innslag om tiltaka til Eviny. (åpnes i nytt vindu)
– Situasjonen i år er svært spesiell, og då har vi på eige initiativ valt å gjera ekstra tiltak med å sleppa vatn der det har vore størst behov. Det har redda mange egg og yngel, seier spesialrådgjevar på natur og miljø i Eviny Fornybar, Sissel Hauge Mykletun.
1,8 millionar kroner i tapt produksjon i Evanger kraftverk
I Teigdalsvassdraget slepp Eviny no vatn frå Eide–Fannadalen – vatn som normalt går til kraftproduksjon i Evanger kraftverk. 29. desember starta Eviny med å sleppa 250 liter/sekund, og dette vart auka til 320 liter/sekund frå 6. januar. Dette tiltaket har til no kosta om lag 1,8 millionar kroner i tapt kraftproduksjon.
Drifta i Evanger kraftverk er også avgjerande for å sikra stabile vassmengder til alle dei viktige gyteområda for Vossolaksen frå Evangervatnet og ned til Bolstadfjorden.
Frivillige tiltak i fleire vassdrag
Den spesielle situasjonen i år gjer at Eviny også har innført frivillige tiltak i fleire andre vassdrag, mellom anna i Matrevassdraget og i Jølstra. I Matrevassdraget tapar Eviny 115 000 kroner i veka fordi tiltaka reduserer produksjonen i Matre kraftverk.
Avisa Nordhordland (åpnes i nytt vindu) har laga ein artikkel om tiltaka Eviny har gjort i Matrevassdraget.
– Vi ynskjer å vera ein pådrivar for betre miljøtilstand i vassdraga vi påverkar. Derfor har vi også vedtatt nye ambisiøse naturmål for å stansa og reversera tap av natur, seier Mykletun.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Eviny med stort bidrag til ny utstilling av “Havplaneten” på VilVite
Publisert 24. juni 2026
Nyheter
Sel Enivest til Telenor
Publisert 10. juni 2026
Nyheter
Gjør mobilmaster om til værstasjoner
Publisert 09. juni 2026
Nyheter
Studentene har stemt Eviny inn på topp 100
Publisert 28. mai 2026
Nyheter
Sterkt kvartal: Eviny aukar tempoet i energisatsinga
Publisert 21. mai 2026
Nyheter
Eviny kjøper vindkraftverkene i Bjerkreimsklyngen
Publisert 28. april 2026
Nyheter
Eviny med gode bidrag tilbake til lokalsamfunn på Vestlandet
Publisert 25. mars 2026
Nyheter
Studenter skriver bachelor- og masteroppgave med Eviny
Publisert 17. mars 2026
Sponsor
Her er vinnerne av Eviny-sponsoratet 2025
Publisert 12. mars 2026