Eviny gjer tiltak for å unngå skadeflaum
Publisert 04. mars 2025
Ei atmosfærisk elv er på veg mot Vestlandet. På tre dagar skal det koma like mykje nedbør som normalen for heile mars månad. Sidan førre veke har Eviny førebudd seg på nedbøren og gjort tiltak mot skadeflaum i dei regulerte vassdraga.
– Vasskraftverka våre har gått for fullt i fleire dagar, og vi har også gjort andre tiltak for å laga plass til meir vatn i magasina. I tillegg har vi utsett vedlikehald av kraftverk for å kunna produsera så mykje som mogleg i samband med uvêret, seier Sonja Chirico Indrebø, administrerande direktør i Eviny Fornybar.
Ho fortel at vertskommunane for kraftanlegga blir varsla, slik at dei er budde på å handtera situasjonen.
Historisk store tilsig
Samla er det venta i overkant av 200 millimeter nedbør dei neste tre dagane. Nedbøren starta måndag kveld og avtar noko midt på dagen tysdag, før den aukar på igjen tysdag kveld. Torsdag vil nedbøren gradvis gå nordover og minka i styrke. Nedbøren vil starta som snø i høgare strøk, men skal raskt gå over til regn også der. Kombinasjon av regn og snøsmelting bidrar til store tilsig også høgt til fjells.
– I historikken vår ser vi ingen liknande hendingar vinterstid som har gitt så mykje tilsig som vi ser i prognosane for dei komande dagane. Tiltaka våre gjer at vi har kontroll på situasjonen, men det vil vera overløp i enkelte vassdrag, og derfor større vassføring i elvane enn normalt på denne tida av året. Vi ber om at alle tar omsyn og unngår å ferdast der det er mykje vatn, seier Sonja.
Regulerte vassdrag dempar flaum
Regulerte vassdrag har ein fordel når det gjeld demping av flaumar. Eviny Fornybar kan bruka magasina som buffer og dermed redusera flaumtoppane samanlikna med situasjonen i uregulerte vassdrag.
Eviny Fornybar har sett gul beredskap som følge av situasjonen.
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Eviny oppnår betydelige gevinster i nye kraftmarkeder
Publisert 27. februar 2025
Nyheter
Skrinlegger boligprosjekt på Montana
Publisert 13. februar 2025
Nyheter
Anne-Marte Mehammer kåret til Årets Kraftkvinne 2024
Publisert 05. februar 2025
Nyheter
Kapasitet i strømnettet sikrer industriutvikling
Publisert 23. januar 2025
Nyheter
Karl Erik Kjelstad er ny styreleder i Eviny
Publisert 16. januar 2025
Nyheter
Norge og EU: Hva betyr utviklingen i Europa for oss?
Publisert 23. desember 2024
Nyheter
Eviny inngår EU avtale med Innovasjon Norge i Brussel
Publisert 19. desember 2024
Nyheter
Kristian Vassbotten blir ny leiar for vasskraftverka i Eviny Fornybar
Publisert 18. desember 2024
Nyheter
Stanser arbeidet med Utsira Nord
Publisert 04. desember 2024