Høge kraftprisar løftar underliggande resultat for Eviny
Publisert 19. mai 2022
Første kvartal 2022 er prega av høgare kraftprisar og redusert straumforbruk samanlikna med same periode i 2021. Det underliggande kvartalsresultatet for Eviny er 896 millionar kroner, som er 484 millionar kroner meir enn første kvartal i 2021.
– Europa står i ein dramatisk situasjon som også pregar energimarknaden med svært høge prisar. Auka inntekter frå kraftproduksjon går i stor grad tilbake til samfunnet, men dagens prisnivå er ikkje berekraftig. Det er utfordrande for forbrukarane og er ikkje ein situasjon vi ynskjer, seier konsernsjef Jannicke Hilland i Eviny.
Områdeprisen for Bergen (NO5) var 151 euro/MWh, ein oppgang på 103 euro/MWh frå første kvartal i fjor. Områdeprisen i Førde (NO3) var 21 euro/MWh i første kvartal i år. Eviny produserte 2,2 TWh vasskraft i første kvartal 2022, som er 0,3 TWh meir enn same kvartal i fjor.
Prissikring gir meir stabile resultat for eigarane
Konsernresultatet i første kvartal er 92 millionar kronar, som er 279 millionar kroner lågare enn første kvartal 2021. Nedgangen skuldast i hovudsak verdiendringar for urealiserte kraftkontraktar.
Eviny førehandssel ein del av forventa kraftproduksjon i åra før produksjonen skjer. Det jamnar ut verknader av prissvingingar på det realiserte resultatet.
– Når kraftprisane stig som i 2021/22, går verdien av inngåtte kraftkontraktar ned. Tilsvarande vil verdien gå opp når kraftprisane fell, slik dei gjorde i 2020. Denne strategien sikrar at eigarane våre kan få stabile utbytte frå år til år, seier Hilland.
Resultatbidraget frå dei urealiserte kontraktane utgjer -1.057 millionar kroner for første kvartal. Verdien av kontraktane kan endra seg mykje frå kontraktane blir inngått, til dei blir realisert når produksjonen finn stad.
Byggjer nytt kraftverk
I februar gjorde Eviny vedtak om å byggja Tverrelvi kraftverk i Voss herad. Årleg produksjon vil bli om lag 41 GWh, like mykje som straumforbruket i 2500 bustadar. Det er ei investering på 137 millionar kroner.
– Byggjearbeidet vil starta i løpet av året og skal vera ferdig i 2024. Vi treng meir fornybar energi når vi skal kutta utslepp av klimagassar i samfunnet, og dette er eit lite bidrag, seier Hilland.
Auka satsing på mobil energi
Eviny trappar opp satsinga på mobil energi til byggjeplassar og andre som har eit kortvarig energibehov. Stadig fleire vil redusera karbonavtrykket ved å bruka batteri i staden for dieselaggregat. Introduksjonen av elektriske gravemaskinar og lastebilar går fort.
– Vi må no auka investeringa betydeleg for å dekka den store etterspørselen. Batteri og ladeløysingar blir brukt til stadig nye område, mellom anna film og festivalar. Vi ynskjer å gå i front for å utvikla marknaden og demonstrera at dette fungerer, seier Hilland.
Last ned delårsrapport for 1. kvartal 2022 (PDF) (åpnes i nytt vindu)
Kontaktpersonar:
Jannicke Hilland, konsernsjef i Eviny, tlf. 951 79 731
Rune Indrøy, konserndirektør for Kommunikasjon og samfunnskontakt i Eviny, tlf. 905 57 723
Du er kanskje også interessert i:
Nyheter
Over 1 milliard i utbytte frå Eviny
Publisert 27. mars 2025
Elektrifisering
Aneo Build og Eviny Mobil Energi slår seg sammen
Publisert 26. mars 2025
Nyheter
Vårens draktslipp 2025!
Publisert 13. mars 2025
Nyheter
Dugnad for Ukraina
Publisert 05. mars 2025
Nyheter
Eviny gjer tiltak for å unngå skadeflaum
Publisert 04. mars 2025
Nyheter
Eviny oppnår betydelige gevinster i nye kraftmarkeder
Publisert 27. februar 2025
Nyheter
Skrinlegger boligprosjekt på Montana
Publisert 13. februar 2025
Nyheter
Anne-Marte Mehammer kåret til Årets Kraftkvinne 2024
Publisert 05. februar 2025
Nyheter
Kapasitet i strømnettet sikrer industriutvikling
Publisert 23. januar 2025