1,3 milliardar kroner i utbytte frå Eviny

Publisert 24. april 2024

Resultatet for Eviny i 2023 vart 3,8 milliardar kroner, som er 2,4 milliardar høgare enn i 2022. Styret i Eviny innstiller på 1,3 milliardar kroner i utbytte til eigarane: 17 kommunar på Vestlandet, Statkraft og to lokale kraftlag.

Barn i raude drakter som spring på ei fotballbane
Støtte til positive tiltak i lokalmiljøa er ein del av samfunnsoppdraget til Eviny. Barna i Gaular IL er mellom dei 6000 som i år har fått nye drakter frå Eviny.Foto: Nils Ole Refvik

Innstillinga frå styret skal behandlast på generalforsamlinga 21. mai. Samla sett bidrog Eviny med 5,2 milliardar kroner til samfunnet i 2023 i form av skattar, avgifter og avsett utbytte til eigarane.

– Vi leverer eit solid resultat og er godt rigga for det store samfunnsoppdraget vi har framfor oss. Meir fornybar energi og auka kapasitet i straumnettet er avgjerande for å sikra lokale arbeidsplassar på Vestlandet. Overskotet vårt går i hovudsak tilbake til eigarkommunane våre, der det kjem fellesskapet til gode, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konsernsjef i Eviny.

– Viktig bidrag til kommuneøkonomien

Sunnfjord kommune er ein av eigarane og vil få nesten 30 millionar kroner i utbytte.

– Dette er eit viktig bidrag til økonomien i Sunnfjord kommune, slik at vi kan oppretthalda eit godt velferdstilbod til innbyggjarane våre. For oss som eigarar er det viktig at Eviny investerer for å løysa behovet samfunnet har for meir fornybar energi og betre nettkapasitet, samtidig som dei opprettheld eit høgt utbyttenivå som vi kan bruka til å utvikla våre lokalsamfunn, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune.

Vil investera over 40 milliardar kroner på ti år

Eviny har nyleg lansert ein ny konsernstrategi, som markerer eit taktskifte i jakta på meir fornybar energi. Dei neste ti åra skal Eviny investera om lag like store verdiar som er bygd opp over 100 år. Ambisjonen er å investera i overkant av 40 milliardar kroner i ny fornybar energi, straumnett og tiltak for energiomstilling/elektrifisering. Noko av dette kan skje i samarbeid med andre.

– Investeringane i fornybar energi i Noreg er på det lågaste sidan 2010 og har falle med nesten 40 prosent sidan 2018. Vi står overfor eit avgjerande tiår for å omstilla energisystemet vårt og unngå ei norsk kraftkrise, seier Fresvik.

80 000 drakter til barn og unge

Samfunnsoppdraget til Eviny handlar også om å støtta positive tiltak i lokalmiljøa. Eit døme er 6000 barn og unge på Vestlandet som har fått nye drakter frå Eviny i år. Til saman har Eviny delt ut nærmare 80 000 drakter.

– Det er viktig for oss å gi tilbake til lokalsamfunna vi er ein del av. Idrettslaga gjer ein fantastisk innsats, og vi er stolte over å støtta dette arbeidet med utdeling av gratis draktsett, seier Fresvik.

Lågare kraftprisar

Hovudårsaka til den store veksten i resultatet frå 2022 til 2023 er redusert grunnrenteskatt som følgje av lågare kraftprisar i 2023, i tillegg til positive verdiendringar på finansielle kontraktar.

Underliggande resultat, som er justert for verdiendringar på sikringskontraktar og vesentlege eingongseffektar, vart 2,0 milliardar kroner for 2023. Det er 0,9 milliardar lågare enn i 2022. Hovudårsaka er fall i kraftprisane. Områdeprisen i Vest-Norge (NO5) var 67 euro/MWh i 2023 mot 192 euro/MWh året før.

Eviny produserte 6,9 TWh vasskraft i 2023, som er 0,8 TWh mindre enn i 2022. Faktisk produksjon i 2023 var nok til å dekkja det årlege straumforbruket i om lag 430 000 bustadar.

Utbytte fordelt på kvar eigar

Eigar (eigardel i parentes)AksjarUtbytte i kr
Statkraft Industrial Holding AS (43,44 %)64 160567 816 000
Bergen kommune (37,75 %)55 765493 520 250
Alver kommune (3,45 %)5 09945 126 150
Øygarden kommune (3,43 %)5 06244 798 700
Askøy kommune (2,48 %)3 66632 444 100
Sunnfjord kommune (2,27 %)3 35829 718 300
Tysnes Kraftlag AS (1,70 %)2 51122 222 350
Kvinnherad kommune (0,91 %)1 34111 867 850
Kvam herad (0,90 %)1 32911 761 650
Voss herad (0,67 %)9938 788 050
Fjaler kommune (0,61 %)8957 920 750
Austrheim kommune (0,43 %)6405 664 000
Hyllestad kommune (0,38 %)5655 000 250
Vaksdal kommune (0,37 %)5494 858 650
Etne Elektrisitetslag AS (0,35 %)5174 575 450
Gulen kommune (0,27 %)4013 548 850
Solund kommune (0,24 %)3583 168 300
Høyanger kommune (0,12 %)1721 522 200
Fedje kommune (0,12 %)1711 513 350
Masfjorden kommune (0,10 %)1531 354 050
147 7051 307 189 250

Årsrapport for 2023(pdf, 8,11 MB) (fil lastes ned)

Du er kanskje også interessert i:

Se alle nyhetsartikler